Gloppen ungdomsskule
Gota 10
6823 SANDANE
Tlf: 57 88 39 50
Fax: 57 88 39 51
E-post



Kontaktskjema

l_alarmtelefonen-b.png

Konto for hjelp til Haiti
3705.15.29007


      

Nytt

IMG_0390.JPG

Flott oppslutnad om 17.mai-toget

Heile 50 ungdomsskuleelevar stilte opp i toget som gjekk frå Heradsplassen til Dammen 17.mai. Mange grønruss markerte seg i toget, ilag med Firdarussen. Kjekt at så mange er med og markerer nasjonaldagen! Trykk på biletet for å sjå meir.
18.05.2012

trekkfag eksamen skriftleg

Matematikk måndag 21.mai: klasse 10B og 10C - Norsk onsdag 23. og torsdag 24.mai: klasse 10A - Engelsk torsdag 31.mai: klasse 10D
Les meir »   15.05.2012

IMG_0250.JPG

Ein våt dag for 10.klasse.

Det årlege høgdepunktet for elevar og tilsette er over. Grønrussen er kåra til årets vinnar av vasskrigen med Firda-russen, og er godt fornøgde med det. Raudrussen vart ikkje mange nok mot det store kullet vårt, og hadde ein lite gjennomtenkt slagplan. Dei tok likevel nederlaget med fatning og verdigheit. Underhaldande og søkkvått vart det iallfall, og innsatsen skal ingen klage på!
11.05.2012

Fråvær som ikkje skal på vitnemålet.

Eleven, eller føresette kan sende skriftleg krav om at fråvær inn til 10 skuledagar per opplæringsår ikkje blir ført på vitnemålet. Fråværet må skuldast helsemessige kroniske lidingar, eller innvilga permisjon frå rektor. Fråvær som skuldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Føresette må legge fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. (Opplæringslova §3-41) Brev om dette blir sendt heim som ranselpost denne veka.
08.05.2012

Denne veka...

Måndag har 8.klasse vore i sving med rydding i sentrumsområdet. Dette er ein aksjon som alle grunnskulane i kommunen deltek i kvart år. Tysdag har 10.klasse matematikk- og onsdag har 9.klasse norsk heildagsprøve. Torsdag skal 8. og 9.klasse delta på Tinestafett. Fredag er det klart for russekrigen mellom Firda og GU. Mykje skjer for tida med andre ord....
07.05.2012

grønrussen samla på Sandsneset

Natt til 1.mai var mange 10.klassingar samla på Sandsneset. Dei hadde med musikkanlegg og fyrte opp bål. Utover kvelden vart det grillmat og ballspel. Foreldra som stilte som vakter melder om flott ungdom, og fin stemning!
01.05.2012

img_0183.jpg

Stor aktivitet

På skulen har det blitt skifta ut vindauge i store delar av 1.etasje denne våren. Dette er enøk-tiltak som skal redusere straumutgiftene i kommuen, og ei fornying vi set stor pris på! Akkurat no held Paul Rune, Sverre, Einar m.fl. på i datarommet i C-fløyen. Rommet blir også delt opp, slik at vi får eit ekstra rom til lagerplass i tillegg. Trykk på bildet for å sjå meir.
26.04.2012

russetid

Måndag 23/4 hadde vi møte ilag med fire representantar for russen på Firda og GU. Dette årlege møtet skal skape felles forståing for spelereglane i russetida, slik at det ikkje oppstår uheldige situasjonar. Fredag 27.april blir det Firdastafett, der grøn- og raudrussen kjem til å markere seg. Vi gledar oss, og håpar på mange spennande duellar!
23.04.2012

Heildagsprøvene er i gong

Elevane går no inn i ein periode med ein del heildagspøver, og førebuing til dette. Måndag og tysdag denne veka har 10.klasse heildagsprøve, og eksamenstrening i engelsk skriftleg. Fredag har elevane fri, og dei tilsette planleggingsdag. Sjå elles kalenderen for meir info.
16.04.2012

RSS

Skuleruta 2012-2013

Skuleruta for 2012-2013, finn du her:
/files/2012/02/skuleruta12-13.pdf
Den er også lagt inn i kalenderen.




Abonner på nytt

No kan du få e-post når det er noko nytt på heimesida vår!

Her kan du melde deg på. (Og melde deg av like enkelt!)
Epost-adressa di: